lørdag 19. februar 2011

Eg prøver igjen

www.dagdraum.blogspot.com

Jeg tror jeg snurrer andre veien

Sola skin, og det er helg! Humøret mitt er faktisk heilt til å leve med, så i dag skal eg få gjort mykje. 
På onsdag fekk eg ny hårfarge (som eigentleg liknar mykje på den eg hadde, men likevel er mykje betre):
Etterpå sprada eg rundt i ny strømpebukse med roser på som kosta 19 kroner på cubus, medan eg sorterte strikkepinnar og las fine bloggar:
Og i går kveld fekk eg føre meg at eg skulle sortere alt garnet vi har. Så no har eg i alle fall mykje restar eg kan øve meg på å strikke hælar med. 
No skal det etast frukost, før Mammutsalget ventar på meg på bokhandelen.

onsdag 16. februar 2011

Ro meg te Månen

Åh, Kunst. Eg snubla over denne artikkelen i dag tidleg, og måtte sjølvsagt sjekke om eg fann meir. Det gjorde eg, her
Eg vart berre heilt sjukt fascinert. Sjekk det ut!

mandag 14. februar 2011

Tenk på alt det morsomme vi sammen kunne gjort

Den siste veka har vore så trist at eg ikkje klarer å finne ord for det. 
Ein ting er at eg personleg har hatt det tungt, men langt verre er det at verda har mista ein fantastisk gledesspreiar og god kamerat. Øystein vil bli djupt sakna, det er det inga tvil om. Kvil i fred <3

Eg har gjort mykje for å halde meg oppteken, så i tillegg til jobben har eg
leika med decoupage og måling
laga oreokjeks ilag med veslesyster
bygd meg eit smykketre

vore på skattejakt på loftet og blitt vetskremd (dette er ein kjole som eg skal fikse litt på)
strikka på meg gnagsår på peikefingeren og lært meg ny strikketeknikk, og sett fem sesongar av Dexter. 

Alle dagane har vore fylde med angstkvalme i magen og mange tårer, men no framover skal eg verkeleg ta meg sjølv i nakken og finne bra ting som eg kan glede meg over. 

lørdag 29. januar 2011

What's the dealio?

Akkurat no innsåg eg faktisk at eg er dritglad for at eg ikkje føler nokon som helst slags trong til å ta ei tatovering som startar rett under trusekanten og går litt oppover over hoftebeinet. 

Eg greier heller ikkje å forstå kvifor det er så mange jenter som på eitt eller anna tidspunkt (gjerne når dei er ca 16, og altså ikkje gamle nok til å ta tatovering på eit fornuftig studio, og må velje ein snuskeplass i Bulgaria medan dei er rusa på tequila) synest at det finaste i heile verda må vere å ha eit særs uoriginalt og lite kunstnarisk motiv tatovert på ein intim stad på kroppen. 

Ikkje berre skal motivet vere dørgande keisamt, slik som til dømes ei Playboy-kanin, x antal stjerner, ein sommarfugl eller bjørnespor (kva faen skal liksom det symbolisere? "Sjå her, ein knøtliten bjørn planta labben sin rett ved sidan av fitta mi, er det ikkje søøøøøttt?"). I tillegg skal det gjerne vere knøtlite (fordi jenta ikkje har pengar, men MÅÅ ha tatovering NOO), noko som gjer at tilfeldig forbipasserande berre trur det er ein artig føflekk, og at framtidige partnerar får ein bitchslap i trynet fordi dei trudde det kanina var ein katt.

Og sånn generelt sett trur eg det er ein grunn til at det er sekstenåringane som drøymer om slike. Dersom du har lyst på eit motiv som du veit at ingen over 20 år (viss vi ser vekk ifrå diverse glamourmodellar) tatoverar på kroppen sin, så kan du banne på at du og kjem til å synast at det ser idiotisk ut når du har lete ideen surre ei stund. 

Du kan like gjerne bruke sprittusj, slik at du blir kvitt driten når du vil det. 

Dette gjeld også alle såkalla tramp stamps (altså tatoveringar i korsryggen, helst i form av tribals), puppetatoveringar og ringar rundt overarmen (tenk Pamela). Og herregud, ikkje lag solstrålar rundt navlen din!
(Bilete: Amazing4tattoo.blogspot.com)

søndag 23. januar 2011

To everyone who does not wish to die a most painful death


Sauen og eg er no i gong med Harry Potter-film nr 2 for i dag. I kombinasjon med raud vaniljete og Dots er det faktisk ganske fint på ein sundag. 


Teen er kjempegod, og berre pakka er så fin at eg sikkert hadde drukke den uansett. 

Elles i dag har eg hatt vondt i tårekanalen på ein auget heilt sidan eg sto opp. Forstår ikkje heilt kva det kan vere, og håpar berre at det ikkje er ein augebetennelse på trappene.

Heldigvis har dette vore ein dag med gode nyhende (for min del, i alle fall), som har gjeve meg tilbake trua på ting skal ordne seg. Herrleg!


lørdag 22. januar 2011

You are wrong in all the right ways

Ryddelaurdag i dag. Med det følgjer reint sengetøy, nyvaska bad og fjerning av spindelvev frå bak gardinene. 

Eg skal dessutan rydde vekk resten av julepynten (og lure på kva i helvete som no skal pynte opp i heimen), noko som medfører frustrasjon over at ingen lagar vanlege, heilt firkanta (rektangulære) kasser. Eller kanskje mest over at mamma likar å kjøpe slike som har finurlege fasongar...

Heldigvis har eg hatt kosebesøk, noko som la ein liten dempar på effektiviteten, men samtidig løfta humøret adskillige hakk! Definitivt verd det. 

Etter dei huslege syslane har eg tenkt til å late kroppen få sin del av kaka, og ansiktsmaske, ei god bok, laurdagsgodt, neglelakk og napping av augebryn ventar etter ei skikkeleg treningsøkt. 

Håpar dykk andre har ei fin helg! 

mandag 17. januar 2011

Den som får sjå, får sjå

Veit du kva ei ufjelge motorsag er? Ikkje eg heller...
Men eg trur nok at det er nokon som veit det, for eg høyrde ein mann på bokhandelen som prata om at det er viktig å passe seg for motorsaga når den er ufjelge. 

Liksom, er det ikkje lurt å vere litt varsam rundt motorsager uansett korleis dei kjenner seg? Sjølv den friskaste motorsaga i skogen kan amputere beinet ditt viss du ikkje passar deg. 


(Bilete frå Texas Chainsaw Massacre. Ufjelge motorsagførar, vil eg påstå. Er vel helst dei som er farlegast.)

Eg var heilt ute av stand til å stå opp i vetig tid i dag, så eg heldt meg heime frå fabrikken, og klarte meg med å berre jobbe på SFO. Då eg kom heim og skulle parkere fekk eg sånn ca hjartestans fordi bilen ikkje stoppa då eg ville at den skulle det. I staden berre sklei han bakover heilt til alle dei raude prikkane på ryggesensoren lyste, og eg såg for meg at eg skulle brake gjennom garasjeporten og berre shit. 

Men det skjedde ikkje, altså. Han stoppa.

No skal eg slappe av, slik som Pondus:


Nei, det skal eg eigentleg ikkje. Det er vel på tide å rydde vekk julepynten, trur eg. Pokker òg, altså. Det kjem jo til å bli dritstygt og tomt her når eg ikkje har noko å pynte med!

Og så skal eg kanskje til og med vere sosial. Her heime! Eg har invitert folk hit! Veit framleis ikkje om det blir noko av, men kanskje, kanskje. Den som ventar, ventar.

søndag 16. januar 2011

Og det går dagar

Eg hadde det fint i går. Russerevyen var litt skuffande, eigentleg. Det var berre eit par-tre av skodespelarane som klarte å redde den inn slik at dei to timane ikkje vart heilt vekkasta. 

Huff, no høyrest eg negativ ut, men det var rett og slett ikkje så mykje å skryte av. Historia hang berre såvidt ihop, der var fleire innslag som ikkje var med på å drive historia framover, og ein del av karakterane verka som dei var sett inn berre for å fylle opp litt på scena. Og jada, eg veit jo at det ikkje er profesjonelle som har laga dette, men til og med for meg, som har gått på skulen der (og altså kjenner lærarane), var mange av parodiane vanskelege å kjenne att, og humoren altfor intern mange gonger. Men likevel var det jo kjekt å sjå korleis russane kosa seg på scena, så eg er no glad for at eg brukte gratisbilletten min!

Etter revyen vart eg med Kristen Per og Jan Håvar opp på Hjelle, og vi diskuterte musikk, venskap og sjukehuspolitikk medan vi drakk litt. Eg vart akkurat passeleg full, akkurat passeleg blid og akkurat passeleg høglytt, slik det skal vere. 

No sit eg i stova og ser at Liv Grete Poirée (som er på TVen) er ganske pen, medan eg leiter fram Koselig med Peis på NRK nett-TV. Fin dag, med akkurat passeleg dagen derpå-kjensle.

lørdag 15. januar 2011

It's about being able to fly

Sjekk ut min nye hobby:


NABBI!

Okei, hobby er kanskje å ta litt hardt i, men det har i alle fall vore dagens tidsfordriv, og det var kjekt!

No skal eg på russerevy, og det er best for russane at det ikkje blir vekkasta tid. Det bør verkeleg vere MOROSAMT! Så det så... 

Neida, no pressure. Men eg håpar jo det blir bra. Sjølv om ingen nokon gong kan overgå den revyen vi laga.

fredag 14. januar 2011

Like under takskjegget på denne villaen

Eg tenkjer at det er på tide å gjere noko med fargane her inne. Gjere det litt finare og lysare, sånn at eg kan smile litt for meg sjølv når eg ser på min eigen blogg, og gle meg til sommaren kjem slik at dagane blir lange og fine og varme og akkurat slik som eg likar dei.

Problemet er berre at eg er verdsmeister i å utsetje ting, så det kan ta tid.

tirsdag 11. januar 2011

That's all

No, etter godt over 20 år ilag med meg sjølv, burde eg verkeleg ha lært at Medium ikkje er det rette å sjå på heilt åleine rett før eg skal leggje meg heilt åleine. 

Men neida, her sit eg, og eg gruar meg berre meir og meir til å gå opp på loftet etterpå. Sånn går det når ein ikkje høyrer på fornufta!

Eg hadde tenkt til å illustrere med eit passeleg groteskt bilete, men turde sjølvsagt ikkje å søke for å finne eit.

I staden får eg vise dykk det eg har sett dei siste dagane:


Dette er berre ei halv rekke, og det er ca like langt bak kamera. I tillegg har eg om lag 20 slike rekker å gå gjennom. Kvart plagg skal teljast, og storleiken skal kontrollerast. Det er direkte dritkeisamt, og utan p3 hadde eg sikkert berre slokna inne mellom dressane og ikkje blitt funne att på minst eit år. Så takk for det, Live og Ronny og Steinjo og alle dykk andre som fyller hovudet mitt med noko anna enn tal!

Akkurat i dag har eg forresten vore på jobb på SFO òg, og det er jo greitt å få avveksling i form av ungar som stryk håret mitt mot kinnet sitt og smiler og lurer på kvifor det er raudt. Eg har dessuten lært dei alt eg kan om slangar, firfisler, sjøstjerner, kamskjel og krabber. Mitt vesle bidrag til eit høgare kunnskapsnivå hjå Eid sine fyrsteklassingar... 

Dessutan har eg starta på den sjuande Harry Potter-boka for andre gong, og vore litt småsosial med ein god ven som eg gjerne skulle sett meir av. Det er kanskje på tide å setje opp nokre mål eg kan strekkje meg etter for å ha noko å fokusere på?

mandag 10. januar 2011

If that isn't a big snake, I don't know what is

For det meste åleine i dag, men ikkje så einsam som i det siste. Deilig. 
Hadde ein fin morgon som starta sånn passeleg tidleg, og kom heim til ei mamma som laga fruktsalat og var i godt humør. Mamma er for det meste snill, men vi kvinnfolka i familien er flinke til å smitte kvarandre med  dårleg humør dersom ein av oss er gretne. Ikkje i dag!


Ja, dette er altså mammaen min, og eg forstår ikkje kvifor blogspot bestemte at ho skulle liggje slik. 

Seinare laga pappaen min laks i folie, og det er favorittsundagsmiddagen min, så det vart eg kjempeglad for. 


Pappa på julafta. Då brukar han forkle med hjerte på, og det er han som held styr på alle pølsetypane og dei ulike potetene og det. Og lagar verdas beste kålrabistappe.

Og resten av dagen var sløving og litt TV og ny te, og no skal eg kanskje ut og sjå på vêret ilag med mamma før vi legg oss. Vi likar best storm og slikt, og vart ganske skuffa på nyttårsafta. Då sa dei at det skulle bli skikkelig heftig, og så vart det berre litt vind. 



torsdag 6. januar 2011

Kanskje du ikkje tenker på meg heller

Tenk kor utrulig fint det hadde vore viss nokon berre kom hit og ga meg ein klem.

Og berre heldt rundt meg og sa at vesle Sol, alt kjem til å bli bra.


Men det er det jo ikkje nokon som gjer, for korleis skal nokon vite at eg sit her og føler meg heilt bort i natta einsam og trist og redd på ein gong?

Og så kan ein jo tenkje på om nokon hadde kome viss dei visste noko, men det vil ein ikkje tenke på, for når ein er slik som eg er akkurat no, så tenkjer ein berre at ingen hadde gadda uansett, og då trillar tårene igjen med ein gong.

Og derfor tør ein liksom ikkje heilt å seie noko til nokon, heller. Tenk om alle veit det, men ingen kjem.

onsdag 5. januar 2011

Och hälsa glatt din frihet

Endeleg, endeleg fekk eg sove nokonlunde godt heile natta.
Hadde rett nok ein ganske stressande draum, med hundar på storleik med mus og do i ein knøttliten bås (integrert i kjøkeninnredninga, faktisk), men det var greitt.

Då eg hadde somla meg til å stå opp, køyrde eg ein tur bort i gata (okei, det er ikkje langt på nokon måte, men eg følte liksom at eg skulle kjøpe noko eg ikkje orka å bere heim att) og irriterte meg over at snøen som ligg på biltaket ALLTID skal komme sigande ned og dekke frontruta akkurat når det passar skikkeleg dårlig. Slik som når eg er midt i gata og prøvar å sjå om ho gamle dama med rullatoren har tenkt seg over vegen, og om der er mange kundar på bokhandelen. Det er òg viktig at der er litt mykje folk rundt om, slik at alle kan sjå på takraset.

Og når det skjer, og eg veit at alle såg meg medan eg såg teit ut (Gjennom førardøra, altså. Frontruta var jo full av snø), så kan du banne på at eg hadde gløymt å skru på lysa, og at eg difor må bli litt sint på meg sjølv for det, sidan det gjorde meg enda teitare då alle såg på.

Og etterpå overbeviser eg sjølvsagt meg sjølv om at det eg tenkte var berre tull. Kor ofte har liksom eg lagt merke til at snøen på taket til nokon datt ned, og syntest at sjåføren var teit på grunn av det? Ein tenker jo ikkje sånn! Alle folka der ute var sikkert opptekne av at eg ikkje måtte synest at dei såg teite ut der dei glei rundt på isen/sørpa. Og det gjor eg jo ikkje, for frontruta mi var full av snø.

(Dette er Pondus. Han er ein tøffing. Bilete: meg sjølv)

Seinare hadde eg besøk av Sigrid og vesle, skjønne Elias. Elias veg sånn ca det same som Pondus, og det er litt fascinerande. Vi drakk te og delte litt bygdesladder (det er jo påbode), og eg gler meg til neste gong eg får sjå dei.

No er klokka halv to, og eg sa god natt til alle for lenge sidan. Kanskje på tide å faktisk leggje seg, då.

mandag 3. januar 2011

Because I could not stop for death


Åh herregud.
Tenk at eg har vore skåna for dette helvetet i nesten tre år no!
Eg har jo liksom tenkt heile tida at det har vore svært så enkelt og greitt å ikkje få besøk av Tante Raud, og berre tenkt bittelitt på kor kjipt det var før vidunderpillene kom inn i livet mitt.

Og så...
...fekk eg den strålande ideen at eg skulle prøve å sjå korleis det var å gå utan dei. Sånn berre for å sjekke om alt virka.

Og virka gjer det visst! I alle fall på den fantastiske Sol-måten som gjer
at eg har vore nervevrak i minst to døgn no, og fresa ubehagelegheiter til alle som har tord å nærme seg
at eg ikkje har sove eitt einaste sekund i natt
at det ikkje finst ei einaste komfortabel stilling som funkar i meir enn tre sekund
at eg spydde då eg skulle reise meg opp frå badekaret etter ei etterlengta slappe heilt av-stund
at berre det å PUSTE kjennest tungt og vondt
og at eg liksom berre ser sånn ut:

(Bilete: Smooth Harold)

Berre litt mindre baby, litt meir grønbrungrågule irisar, og ca fjorten gongar meir opphovna.

Ja, og så har eg RAUDE augebryn. Fordi eg gjorde det sjølv.

No har de liksom fått vite mykje meir enn de hadde behov for, eller ønskte, men eg lovar; det skal ikkje gjenta seg. I alle fall ikkje om dette emnet, for heretter skal eg ta pillene mine!
(og så er det vel ikkje akkurat så veeeldig mange av dykk lesarane, er det vel? Nei, tenkte meg det ja!)

søndag 2. januar 2011

Where you gonna go?

Det har vore jul, vi har begynt på tjue elleve, og eg BUR heime. Igjen.


Eg har farga håret raudt, vore student, slutta som student, jobba, hatt det fint, og hatt det ikkje fullt så fint.

I dag er ein "tårer i augene-dag". Ingenting som får tankane i rett retning, og veldig mykje som øydelegg humøret utan at eg vil at det skal vere slik.