søndag 20. juni 2010

What was on my mind

Eg hadde ei flott bursdagsfeiring med gode vener, litt grilling, muffins med fyrstikker (Geir hadde ikkje lys. Sjarmerande!) og ein god del øl. Sidan det har hatt ein dag til å komme meg på (denne gongen vil det seie å liggje naken i senga heile dagen og vere kjempeslapp), ein dag på fjellet med Ingeborg, og to dagar med jobbing.

Det ser no ut til at eg skal ta turen heim til Eid før vi reiser til Roskilde. Pappa har nemleg vore så fantastisk snill at han har lånt oss den nyinnkjøpte BMW-en sin. Hurra!

Men det betyr at eg eigentleg ikkje har noko særleg med tid igjen her i Bergen før vi reiser. I morgon skal eg på fjellet med Ida, og dessutan må eg vaske (meir) kle, rydde hybelen og pakke saman det som skal pakkast. Eg er fullstendig klar for sommar!

Fekk dessutan BH i posten i dag. Bestilte ein for under £10 på Brastop, berre for å sjekke om det var noko å satse på i framtida. Lurer på om cupen skulle vore litt større, men elles sat den kjempegodt, så ein dag eg får somla meg til det skal eg gjere eit nytt forsøk! Nettbutikken er absolutt verd ein titt dersom ein har ein BH-storleik som ikkje er å finne på Cubus og H&M, for å seie det på den måten.

No er det natt! (Sjølv om eg trur klokka på blogginnlegga mine seier noko heilt anna.)

mandag 14. juni 2010

If we ever meet again

Tenk, i morgon er eg blitt 20! Eg har jo faktisk venta frykteleg lenge på det, sjølv om det eigentleg ikkje er spesielt. Uansett, eg trur nok at eg må feire litt, i alle fall. Viss nokon vil vere med då, vel å merke.

Helga var sløv, arbeidsdagen var sløv og kvelden i kveld blir nok sløv. Eg prøvde meg på å lage gulrotkake på 5 minutt, og enda opp med brent tunge. Godt var det då, i det minste.

Eg er nok garantert verdas mest keisame person. Hurra for det.

Fekk helse på ei nydeleg lita jente på butikken i dag. Ho meinte eg burde ete smykket mitt (det var i alle fall slik eg forstod det då ho stappa det inn i munnen min), og tykte visst at det var kjempekjekt å stå i fanget mitt (i motsetning til på golvet, for der ville ho aller helst ligge).

onsdag 9. juni 2010

Life is peaceful there

Ah, endeleg ein fridag der vêret er med meg! I dag skal eg ut og nyte sola!

I går gjekk eg på Løvstakken ilag med Thomas. Skikkeleg fin tur, sjølv om det blåste ganske mykje etter kvart som vi kom opp på toppen. Blei dermed berre rett opp og rett nedatt. Men utsikta var fin!


Og så har eg lært å ikkje late sminke liggje i vindaugskarmen:



Stakar vesle eylineren, liksom. Håpar han er i orden lenger inne!

Snart kjem Ingeborg for å låne symaskin. Eg skal prøve å vaske opp før det.

lørdag 5. juni 2010

Lei

Synest du verkeleg at det er naudsynt? Er det verkeleg verd det å bruke så mykje tid og energi på å gjere livet surt for andre menneske? Eg forstår ikkje på nokon måte kva du håpar å oppnå med dette, og eg håpar at du før eller seinare innser at oppførselen din påverkar fleire enn berre meg.

fredag 4. juni 2010

Selv om stolbeina er skjeve

Sola er tilbake, så eg skal sjølvsagt på jobb i dag. Det slår jo ikkje feil. Heldigvis har eg tid til å kome meg ut ei lita stund før eg må fare.

Pengane mine fyk ut vindauget no om dagen. Det er nesten så ein skulle tru dei hadde vingar. Eller bein å gå på (det har dei jo faktisk, på ein måte. Mine bein). På tide å ta kontroll, og slutte å sløse!

Apropos jordbæret i førre innlegg: er det berre eg som synest det er noko rart med dette?

tirsdag 1. juni 2010

Solbrune kinn og lypsyl

Festivalbilletten er i boks!
(Vi må for all del ikkje gløyme kor fantastisk jævlig eg såg ut på festivalen i fjor!)

Eg har dilla på jordbær, sjølv om eg innimellom tek meg sjølv i å undre meg over kva i hel**** som er blitt gjort med dei:

Jordbær skal jo verkeleg ikkje sjå slik ut!
Heldigvis kan eg glede meg til dei norske jordbæra kjem. Smakfulle, friske, og ikkje muterte monster. Yum!

torsdag 27. mai 2010

This ain't lust

Danskebåtturen er bestilt, så no gjenstår det berre å hente festivalbilletten. Gler meg masse!

I går starta eg dagen med frukost på hotell Admiral. Titti, venninna til mamma, hadde nemlig ein god del timar å sose vekk her i byen, så ho ba meg fint om å halde henne med selskap. Etter ein god og sunn start på dagen tok vi turen innom lepramuseet. Det høyrest kanskje døllt ut, men eg synest slikt eg kjempeinteressant, og lærte mykje der. Dessutan fann vi nokre flotte motiv i bakhagen der:


Etterpå tok vi ein tur med Fløibanen og kosa oss med Isabella lakris-is før Titti skulle ta båten heim til Eid. Eg vart henta av Martin, og vi laga taco og kosa oss med jordbær og "Hvordan gjør de det?" på Discovery Channel. Merkast godt at eg ikkje har TV, for eg kjenner jo ikkje att ei einaste reklame lenger!

På veg heim måtte eg berre kjøpe litt fleire jordbær (dei var så gode!), så eg tok med meg korga opp til gjengen i Klostergaten. Der vart det browniemuffins og LOST, så eg trur verkeleg at eg fekk i meg nok kaloriar for den neste veka!

Før eg drog heim gjorde eg eit forsøk på å lage ein fornuftig sveis på Steven:
Kunne vore verre, men det var søren ikkje lett! Hadde sjølvsagt ikkje hårsaks heller, så eit par gongar hadde eg lyst å hive heile Steven utfor altanen (ah, hadde eg berre vore sterk nok).

tirsdag 25. mai 2010

Do you often forget that you've got a queen at home

No har vi laga oreokake og ete oss verkeleg kvalme og høge på sukker.
Eg forsynte meg i alle fall med eit mykje større stykke enn det som eigentleg var naudsynt, og då dei andre sa eg aldri kom til å klare å ete opp, så måtte eg jo sjølvsagt det.

I dag er dagen for donaldklokke og å bli overraska med tacomiddag i staden for Grandiosa. Det kan ein jo ikkje klage på, sjølv om eg eigentleg vart litt frustrert først fordi eg var så svolten. Bra middag vart det i alle fall.

Og så har eg fått bursdagspresang av mormor. Finefine (nei, tøffetøffe) sko som eg har ønska meg.

I bakgrunnen er det God of War og allsang om Jesus.

mandag 24. mai 2010

Fixing my hair

Det er verkeleg bra at dårlege dagar kan reparerast ein gong iblant. I dag gir eg all ære til Thomas (for at han hjalp meg å fikse Spotify), Priscilla Renea (Fordi musikken gjer meg glad, spesielt Mr. Workabee) og Daniel og Marius (som eg tilfeldigvis ramla innom bloggen til, og som eg blei heilt betatt av).



onsdag 19. mai 2010

Klippeklippe


Så har Mattias óg fått sommarsveisen i orden:


Gjort av ingen andre enn meg! Det er aller første gongen eg har klipt håret til nokon utan maskin, så det tok si tid. Men både Mattias og eg vart fornøgde, og då er jo alt vel!

onsdag 12. mai 2010

Til signering

Seks timar på buss, sju timar soving og tre og ein halv time hjå frisøren. Kort og grei oppsummering av dei to siste dagane. I tillegg har eg teke massevis av kattebilete og gått ein tur på fjellet. Men no ser eg altså slik ut:


Kva synest du? Vellukka?


Elles er det lite å gjere her heime. Underhald meg, nokon!

fredag 7. mai 2010

Te stormen bøye av

No er klokka over elleve. Allereie!
Eg har sosa vekk sikkert to timar på å få til webkameraet på dataen min (ja, sånn fancypancy nymotens sak som sit fast i datamaskina), utan å lukkast. Frustrasjon!

No har eg gjett opp, for eg skal jo faktisk på jobb i morgon tidleg. Eg har framleis ikkje tøya i dag, eller vaska opp, eller skifta sengetøy, eller noko anna som eg sikkert burde ha gjort. Oppvasken endar eg sikkert opp med å utsetje.

I alle fall; i går var ein slik utspekulert drittdag som får meg til å irritere meg over at ting faktisk ikkje blir spesielt bra før eg byrjar å tenkje positivt. Etter massevis av depping, sinne og fokus på håplausheita mi, bestemte eg meg nemlig for å komme meg ut. Dermed sprang eg rett og slett på Stoltzen. Det kjendest som eg var døden nær då eg var nesten oppe, men eg forbetra tida mi, og med det same eg sat på toppen begynte sms-ane å plinge inn. Altså fekk eg bevis på at nokon her i verda faktisk tenkjer på meg likevel.

Dagen i dag har vore mykje betre. Eg fekk besøk om morgonen, gjekk lang tur med Steven litt etterpå, og hadde fire fine (om enn litt treige) timar på jobb. Etterpå hadde eg eigentleg tenkt å vere med på grilling og fest på Laksevåg, men det droppa eg fordi eg kjende at kroppen ikkje hadde lyst. I staden avtalte eg at vi skulle lage ei avtale i morgon (yes, I'm making plans to make plans).


torsdag 6. mai 2010

I don't wanna feel your pain


Åh, herreminhatt kor eg hatar at humøret heilt plutseleg snur seg!
INGENTING går slik eg vil. Kjærleik, fysisk aktivitet, vener, familie, kjæledyr. Alt er berre heilt på hovudet i dass, og eg hatar det.
Kan ikkje nokon versåsnill muntre meg opp?

It's not a war. No, it's not a rapture. I'm just a person and you can't take it.

(Frk. Bleikfis Surefjes)

Eg tenkte det kunne vere greitt med ei lita oppdatering no i kveldinga. Har veldig lyst til å vise dykk nokre av dei siste innkjøpa mine. Kjolen og fargeblyantane kjøpte eg i dag (H&M og Panduro):
Skinnjakke (Match). Denne var eit skikkeleg kupp, til halv pris. Den er myyykje finare på!:
Og svarte ballerinasko i lakk (H&M). Også kjent som gnagsår:

Eg har fleire sko, og dessutan litt hårpynt som eg vil vise fram, men det får bli i morgon.

Vi avsluttar med mitt første mesterverk!
Sol, tre, blomar, ekorn, dompappar og blå himmel. Kven kan ønske seg meir?





onsdag 5. mai 2010

I dag er visst tidenes kjede seg-dag. Eg har hatt litt besøk, vore ein liten tur på butikken, og laga litt mat. Dermed er eg tom for gjeremål. Det er faktisk mykje mindre artig enn ein skulle tru å ha fri fleire dagar i veka. Spesielt når alle andre ikkje har fri.

Anyways, i går gjorde eg masse. Eg henta sykkelen min, skoa mine (som har vore hjå skomakaren) og kjøpte finfin hårpynt på Hennes & Mauritz. Etterpå grilla eg ilag med Geir, Vegar, Steven og Cilke. Eg åt faktisk tre pølser og ein maiskolbe! Maiskolbar er supergodt, og ekstra herlig med provence-marinade på. Nammenammenam!

Etter det, så fant Vegar og eg ut at vi måtte kvitte oss med noko av pølsene, så vi jogga ein tur i Sandviken. Eg vart hengande etter då vi skulle jogge i "passeleg" tempo, men i staden for å skylde på den grusomme kondisen min, så påstår eg at det er dei korte beina mine som er årsak til min mangel på tempo. I alle fall var eg flink med tøyinga etterpå.

I dag er planen å besøke Steven. Det er herlig vêr, så eg skal prøve å dra han med meg ut ein liten tur. Og så skal eg kjøpe fargeblyantar. Jaa, så kos!

tirsdag 4. mai 2010

Og hun kan danse foruten klær


No er eg her igjen.

Eg trur ting er i ferd med å falle på plass, omsider. Eg har funne ut kor eg skal til hausten (trur eg), så no må eg berre ordne alt det praktiske. Fram til sommaren skal eg berre prøve å nyte livet her i Bergen, og førebels går det veldig bra. Dei lyse og fine dagane blir brukt til fjellturar, trening og is-eting i sola, og resten av tida ser vi filmar eller kosar oss på andre måtar innandørs.

Eg ser verkeleg fram til å få litt sol på kroppen no!

Heime på Eid har veslejenta mi fått kattungar.
Nydelege! Viss det er nokon som vil ha, så er det berre å skrike ut.



Jepp, det var alt for denne gongen. Håpar det er fleire som har det bra for tida!

torsdag 25. februar 2010

What you've undone


No er det jammen lenge sidan sist, folkens!

Eg sit akkurat no hjå Steven, med ein halsbetennelse som har gjort meg fullstendig ubrukeleg sidan måndag. Absolutt heile kroppen er vond, og eg har ikkje fått i meg eit skikkeleg måltid på fleire døgn (den tallerkenen med nudlar i dag tidleg reknar eg knapt nok som mat).

Sånn elles er livet som vanleg; opp og ned og rundt og rundt i onde sirklar. Han eg vil ha vil ikkje ha meg, og eg har svært, svært store problem med å takle å vere åleine. Eg er så lei for at eg blir ei slik belastning på dykk som er rundt meg, men eg veit ikkje kva anna eg kan gjere enn å klamre meg til dei eg er glad i.

For å prøve å få meg sjølv på beina igjen, har eg kjøpt meg treningskort på Sentralbadet og speilreflekskamera. Dessutan leitar eg etter ein ny stad å bu, og eg har i alle fall eit par alternativ til studieplassar til hausten. Eg skal ikkje bli ein zombie.