lørdag 19. februar 2011

Eg prøver igjen

www.dagdraum.blogspot.com

Jeg tror jeg snurrer andre veien

Sola skin, og det er helg! Humøret mitt er faktisk heilt til å leve med, så i dag skal eg få gjort mykje. 
På onsdag fekk eg ny hårfarge (som eigentleg liknar mykje på den eg hadde, men likevel er mykje betre):
Etterpå sprada eg rundt i ny strømpebukse med roser på som kosta 19 kroner på cubus, medan eg sorterte strikkepinnar og las fine bloggar:
Og i går kveld fekk eg føre meg at eg skulle sortere alt garnet vi har. Så no har eg i alle fall mykje restar eg kan øve meg på å strikke hælar med. 
No skal det etast frukost, før Mammutsalget ventar på meg på bokhandelen.

onsdag 16. februar 2011

Ro meg te Månen

Åh, Kunst. Eg snubla over denne artikkelen i dag tidleg, og måtte sjølvsagt sjekke om eg fann meir. Det gjorde eg, her
Eg vart berre heilt sjukt fascinert. Sjekk det ut!

mandag 14. februar 2011

Tenk på alt det morsomme vi sammen kunne gjort

Den siste veka har vore så trist at eg ikkje klarer å finne ord for det. 
Ein ting er at eg personleg har hatt det tungt, men langt verre er det at verda har mista ein fantastisk gledesspreiar og god kamerat. Øystein vil bli djupt sakna, det er det inga tvil om. Kvil i fred <3

Eg har gjort mykje for å halde meg oppteken, så i tillegg til jobben har eg
leika med decoupage og måling
laga oreokjeks ilag med veslesyster
bygd meg eit smykketre

vore på skattejakt på loftet og blitt vetskremd (dette er ein kjole som eg skal fikse litt på)
strikka på meg gnagsår på peikefingeren og lært meg ny strikketeknikk, og sett fem sesongar av Dexter. 

Alle dagane har vore fylde med angstkvalme i magen og mange tårer, men no framover skal eg verkeleg ta meg sjølv i nakken og finne bra ting som eg kan glede meg over.