lørdag 19. desember 2009

Look at the driver next to me

Av og til tek eg meg sjølv i å vurdere andre ut frå korleis dei ser ut. Kva for klede dei går med, korleis dei har sminka seg, korleis dei ser ut på håret og korleis dei oppfører seg eller rører seg.

Det er ikkje så ofte eg ser ned på folk ut frå desse tinga; som regel ser eg berre på dei og lurer på kva som får dei til å kle seg akkurat slik som dei gjer, og om dei verkeleg synest at det som dei sjølve har plukka ut av skåpet om morgonen er pent eller praktisk.

I dag såg eg for eksempel to jenter i slutten av tenåra som gjekk med falske augevipper. Kortid vart det noko å bruke på ein kvardag? Er det verkeleg verdt det å bruke eit kvarter ekstra på badet om morgonen for å få augevippane til å hengje på?

Ho eine som hadde falske augevipper hadde i tillegg platinablondtbleika hår med tydelege extensions. Slitt platinablondtbleika hår som såg tova ut. Huda hennar var på den øvre enden av brunheitsskalaen, altså langt over det du finn frå naturen si side på ei vanleg, norsk, blåaugd jente. Ho laga trutemunn heile bussturen (altså i meir enn tjue minutt), noko som fekk huda rundt leppene til å bli kvit og stå i sterk kontrast til resten av andletet hennar, der to mørkebrune, påteikna augebryn fekk henne til å sjå himmelfallen ut. To tynne, tightskledde bein kom ut under ei diger dunjakke, før dei forsvann igjen ned i eit par lysebrune UGGs-imitasjonar.

Eg kika på henne sånn halvvegs diskret. Trass i alt så stirra jo ho på meg og, så eg var ikkje så flau over å sjå på henne. Eg trur vi begge forstod at vi like gjerne kunne ha kome frå to ulike planetar. På hennar planet ville det då ha vore påbode å bruke minst ein time på badet kvar morgon. Vinterbleik hud ville ingen ha høyrt om, og det hadde ikkje spelt noka rolle om du fraus om vinteren, så lenge du hadde på deg tights for å vise kor tynne bein du hadde.

Slik som ho såg på meg vil eg tru at ho tenkte det stikk motsette om meg, der eg sto i pysjbukse (tatt utanpå dongeribuksa for å unngå å fryse), lue med lyseblå dusk (for ikkje å fryse, det óg), mormor si handveske (som liknar mest på ein bag) frå 70- eller 80-talet, og utan sminke. Eg trur nok at ho tenkte sitt om korleis eg såg ut, og eg lurer litt på om ho hadde endra oppfatninga si dersom ho hadde sett at eg eigentleg hadde på meg skjørt, bluse og høghæla pumps, og at eg tok på maskara med ein gong eg kom på jobb.

Og det får meg til å tenkje på om eg hadde kome til å endre mi oppfatning av henne dersom eg hadde følgd henne rundt ein heil dag.

Vi likar jo å tru at folk er slik som dei er når vi ser dei for fyrste gong, men kor ofte stemmer det eigentleg med røynda?

tirsdag 8. desember 2009

We live in a beautiful world

Eg forstår ikkje heilt kvifor det må vere slik at eg må leite etter dei positive tinga i livet, medan dei negative tinga verkar som dei er limte fast på nasen min.

Eg sa jo at eg ikkje hadde fått sjokoladekalender av mamma. Eg tok feil. Då eg kom på jobb og skulle finne fram skattekortet mitt som mamma hadde sendt med ein mann frå jobben til pappa, så oppdaga eg at der låg ein sjokoladekalender inni kakeforma mi. Det kunne jo vore heilt supert og vel og bra, det, hadde det ikkje vore for at eg (berre fem minutt før!) hadde bestemt meg for å ikkje ete meir godteri før juleferien!

Dermed fekk Geir seg sjokoladekalender, medan eg må ta til takke med mandlar. Noko som forsåvidt er heilt greitt.

I dag føler eg at eg endeleg er nokonlunde frisk att etter natt til søndag. Då låg eg i meir enn tolv timar og spydde, og eg besvimte 6-7 gonger i løpet av natta. Det var ikkje kjekt på nokon som helst slags måte, og heile måndag hadde eg hovudverk og vondt i heile kroppen.

Elles, så har eg mista lommeboka mi, IGJEN. Eg vert sprø..

torsdag 3. desember 2009

A family is a circle of friends who love you

Adventstida er i gong. Hittil (altså dei to første dagane) har eg vore grusomt variabel i formen.

Første desember var eit tankehelvete, og eg klarte ikkje å sjå det positive i noko som helst. No for tida, sidan eg til vanleg føler meg ganske ok, er det heilt rart å ha desse dagane der alt går på trynet. Dagar der eg ikkje kan gå på butikken utan at tårene renn, og eg kjenner meg så altoppslukande, frykteleg einsam.

Eg spør folk om dei vil finne på noko saman med meg, men anten får eg ikkje svar, eller så er dei opptekne. Det er sjølvsagt lov å vere oppteken, men på slike dagar snur tankane mine på alt, slik at eg sit her med ei kjensle av at ingen er glad i meg. Heldigvis redda Geir dagen ved å kome ned og snylte på middagen min. Om ikkje anna, så vart eg i alle fall nyttig.

Andre desember var langt betre. Eg starta med ein god kopp te, litt havregrynsgraut (med eplesylte i. Nam!) og koseleg samtale med Luna og Håvard. Seinare laga Luna og eg taco, som vi åt medan vi såg Corpse Bride. Eg elskar den filmen!
Midtstill
Etterpå kom Geir ned ein tur for å få seg mat og øl, og vi kosa oss med å delta i julekalenderkonkurransar på nettet medan vi åt sjokolade og drakk mjølk. Love it!

Ja, apropos julekalender: Eg er diverre ikkje blant dei heldige som har fått sjokolade- eller pakkekalender i posten av mor si. Eg har heller ikkje nokon snill kjærast som insisterar på å vise meg kor glad han er i meg ved å gi meg ein presang kvar dag i heile adventstida (neida, eg er ikkje bitter, berre litt misunneleg).

Først var eg ganske lei meg for at eg ikkje hadde kalender. Det handlar ikkje om at eg vil ha presangar eller dyre ting eller noko, det er berre det at eg ser på ein kalender som eg får av nokon andre som eit slags teikn på at denne personen er glad i meg, eller bryr seg om meg. Og det er jo koseleg. Sidan første desember var ein drittdag for meg, så brukte eg sjølvsagt mykje tid den dagen på å sukke over at ingen brydde seg nok om meg til å lage kalender til meg (eg veit jo at det ikkje stemmer, men det klarte eg ikkje å tenkje då).

Heilt til eg kom på at eg jo faktisk ikkje hadde laga til nokon kalender for nokon eg er glad i heller. Sidan eg har svært begrensa budsjett, måtte eg finne på noko enkelt, men samstundes fint.

No skulle eg svært gjerne hatt kamera, slik at eg kunne vist dykk: kvar dag lagar eg eit fint kort som eg pyntar med litt glitter og snømannar og nissar og denslags. På kortet skriv eg eit koseleg sitat eller kort dikt som eg likar. Så festar eg kortet på kjøleskåpet slik at dei eg bur med kan sjå på det og lese når dei står opp, og såleis få noko positivt heilt på starten av dagen.

Høyrest ikkje det bra ut?
Kva slags julekalender har du i år?