søndag 23. januar 2011

To everyone who does not wish to die a most painful death


Sauen og eg er no i gong med Harry Potter-film nr 2 for i dag. I kombinasjon med raud vaniljete og Dots er det faktisk ganske fint på ein sundag. 


Teen er kjempegod, og berre pakka er så fin at eg sikkert hadde drukke den uansett. 

Elles i dag har eg hatt vondt i tårekanalen på ein auget heilt sidan eg sto opp. Forstår ikkje heilt kva det kan vere, og håpar berre at det ikkje er ein augebetennelse på trappene.

Heldigvis har dette vore ein dag med gode nyhende (for min del, i alle fall), som har gjeve meg tilbake trua på ting skal ordne seg. Herrleg!


5 kommentarer:

  1. du har kjempefine øyner!

    SvarSlett
  2. Eg har aldri sett Harry Potter-film. Eg har aldri drukke raud vaniljete eller ete Dots. Eg har ikkje ein gong nokon sau å vere i lag med =[

    SvarSlett
  3. Men du føler deg jo aldri einsam, Bum...

    SvarSlett
  4. Nei. Det er sant. Dessuten ligg det snø på bøane her, så det er sikkert best at den er hos deg.

    SvarSlett