onsdag 5. januar 2011

Och hälsa glatt din frihet

Endeleg, endeleg fekk eg sove nokonlunde godt heile natta.
Hadde rett nok ein ganske stressande draum, med hundar på storleik med mus og do i ein knøttliten bås (integrert i kjøkeninnredninga, faktisk), men det var greitt.

Då eg hadde somla meg til å stå opp, køyrde eg ein tur bort i gata (okei, det er ikkje langt på nokon måte, men eg følte liksom at eg skulle kjøpe noko eg ikkje orka å bere heim att) og irriterte meg over at snøen som ligg på biltaket ALLTID skal komme sigande ned og dekke frontruta akkurat når det passar skikkeleg dårlig. Slik som når eg er midt i gata og prøvar å sjå om ho gamle dama med rullatoren har tenkt seg over vegen, og om der er mange kundar på bokhandelen. Det er òg viktig at der er litt mykje folk rundt om, slik at alle kan sjå på takraset.

Og når det skjer, og eg veit at alle såg meg medan eg såg teit ut (Gjennom førardøra, altså. Frontruta var jo full av snø), så kan du banne på at eg hadde gløymt å skru på lysa, og at eg difor må bli litt sint på meg sjølv for det, sidan det gjorde meg enda teitare då alle såg på.

Og etterpå overbeviser eg sjølvsagt meg sjølv om at det eg tenkte var berre tull. Kor ofte har liksom eg lagt merke til at snøen på taket til nokon datt ned, og syntest at sjåføren var teit på grunn av det? Ein tenker jo ikkje sånn! Alle folka der ute var sikkert opptekne av at eg ikkje måtte synest at dei såg teite ut der dei glei rundt på isen/sørpa. Og det gjor eg jo ikkje, for frontruta mi var full av snø.

(Dette er Pondus. Han er ein tøffing. Bilete: meg sjølv)

Seinare hadde eg besøk av Sigrid og vesle, skjønne Elias. Elias veg sånn ca det same som Pondus, og det er litt fascinerande. Vi drakk te og delte litt bygdesladder (det er jo påbode), og eg gler meg til neste gong eg får sjå dei.

No er klokka halv to, og eg sa god natt til alle for lenge sidan. Kanskje på tide å faktisk leggje seg, då.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar