søndag 16. januar 2011

Og det går dagar

Eg hadde det fint i går. Russerevyen var litt skuffande, eigentleg. Det var berre eit par-tre av skodespelarane som klarte å redde den inn slik at dei to timane ikkje vart heilt vekkasta. 

Huff, no høyrest eg negativ ut, men det var rett og slett ikkje så mykje å skryte av. Historia hang berre såvidt ihop, der var fleire innslag som ikkje var med på å drive historia framover, og ein del av karakterane verka som dei var sett inn berre for å fylle opp litt på scena. Og jada, eg veit jo at det ikkje er profesjonelle som har laga dette, men til og med for meg, som har gått på skulen der (og altså kjenner lærarane), var mange av parodiane vanskelege å kjenne att, og humoren altfor intern mange gonger. Men likevel var det jo kjekt å sjå korleis russane kosa seg på scena, så eg er no glad for at eg brukte gratisbilletten min!

Etter revyen vart eg med Kristen Per og Jan Håvar opp på Hjelle, og vi diskuterte musikk, venskap og sjukehuspolitikk medan vi drakk litt. Eg vart akkurat passeleg full, akkurat passeleg blid og akkurat passeleg høglytt, slik det skal vere. 

No sit eg i stova og ser at Liv Grete Poirée (som er på TVen) er ganske pen, medan eg leiter fram Koselig med Peis på NRK nett-TV. Fin dag, med akkurat passeleg dagen derpå-kjensle.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar