mandag 3. januar 2011

Because I could not stop for death


Åh herregud.
Tenk at eg har vore skåna for dette helvetet i nesten tre år no!
Eg har jo liksom tenkt heile tida at det har vore svært så enkelt og greitt å ikkje få besøk av Tante Raud, og berre tenkt bittelitt på kor kjipt det var før vidunderpillene kom inn i livet mitt.

Og så...
...fekk eg den strålande ideen at eg skulle prøve å sjå korleis det var å gå utan dei. Sånn berre for å sjekke om alt virka.

Og virka gjer det visst! I alle fall på den fantastiske Sol-måten som gjer
at eg har vore nervevrak i minst to døgn no, og fresa ubehagelegheiter til alle som har tord å nærme seg
at eg ikkje har sove eitt einaste sekund i natt
at det ikkje finst ei einaste komfortabel stilling som funkar i meir enn tre sekund
at eg spydde då eg skulle reise meg opp frå badekaret etter ei etterlengta slappe heilt av-stund
at berre det å PUSTE kjennest tungt og vondt
og at eg liksom berre ser sånn ut:

(Bilete: Smooth Harold)

Berre litt mindre baby, litt meir grønbrungrågule irisar, og ca fjorten gongar meir opphovna.

Ja, og så har eg RAUDE augebryn. Fordi eg gjorde det sjølv.

No har de liksom fått vite mykje meir enn de hadde behov for, eller ønskte, men eg lovar; det skal ikkje gjenta seg. I alle fall ikkje om dette emnet, for heretter skal eg ta pillene mine!
(og så er det vel ikkje akkurat så veeeldig mange av dykk lesarane, er det vel? Nei, tenkte meg det ja!)

1 kommentar:

  1. Nokre gongar er det greitt å være mann ^^

    SvarSlett