lørdag 29. januar 2011

What's the dealio?

Akkurat no innsåg eg faktisk at eg er dritglad for at eg ikkje føler nokon som helst slags trong til å ta ei tatovering som startar rett under trusekanten og går litt oppover over hoftebeinet. 

Eg greier heller ikkje å forstå kvifor det er så mange jenter som på eitt eller anna tidspunkt (gjerne når dei er ca 16, og altså ikkje gamle nok til å ta tatovering på eit fornuftig studio, og må velje ein snuskeplass i Bulgaria medan dei er rusa på tequila) synest at det finaste i heile verda må vere å ha eit særs uoriginalt og lite kunstnarisk motiv tatovert på ein intim stad på kroppen. 

Ikkje berre skal motivet vere dørgande keisamt, slik som til dømes ei Playboy-kanin, x antal stjerner, ein sommarfugl eller bjørnespor (kva faen skal liksom det symbolisere? "Sjå her, ein knøtliten bjørn planta labben sin rett ved sidan av fitta mi, er det ikkje søøøøøttt?"). I tillegg skal det gjerne vere knøtlite (fordi jenta ikkje har pengar, men MÅÅ ha tatovering NOO), noko som gjer at tilfeldig forbipasserande berre trur det er ein artig føflekk, og at framtidige partnerar får ein bitchslap i trynet fordi dei trudde det kanina var ein katt.

Og sånn generelt sett trur eg det er ein grunn til at det er sekstenåringane som drøymer om slike. Dersom du har lyst på eit motiv som du veit at ingen over 20 år (viss vi ser vekk ifrå diverse glamourmodellar) tatoverar på kroppen sin, så kan du banne på at du og kjem til å synast at det ser idiotisk ut når du har lete ideen surre ei stund. 

Du kan like gjerne bruke sprittusj, slik at du blir kvitt driten når du vil det. 

Dette gjeld også alle såkalla tramp stamps (altså tatoveringar i korsryggen, helst i form av tribals), puppetatoveringar og ringar rundt overarmen (tenk Pamela). Og herregud, ikkje lag solstrålar rundt navlen din!
(Bilete: Amazing4tattoo.blogspot.com)

4 kommentarer:

  1. Hehe, så enig så enig. Det er grusomt masse stygt ute å går! Ekstremt sjeldent jeg ser en tattovering som faktisk er fin eller fascinerende.

    SvarSlett
  2. Jeg er også enig med deg. Jeg har aldri vært fristet til å tatovere meg. Spesielt stygt er det når folk tar mange. Det virker som de ikke blir fornøyde før de har tatovert hele kroppen.

    SvarSlett
  3. Det er ikkje det at eg ikkje har vore freista til å tatovere meg, eller at eg synest at tatovering generelt er stygt.

    Det er berre det at eg pokkermeg ville ha prioritert å finne eit motiv og ei plassering som passar til _meg_ og _min_ kropp. Og ikkje minst noko som har ein symbolikk eller ei betydning som eg veit eg kan stå for både no, og om tjue år. Eller evt noko som ikkje nødvendigvis betyr noko, men som minner meg om noko bra/viktig.

    Eg er jo ikkje hjernedaud, og har ikkje noko behov for å late som eg er det.

    SvarSlett
  4. Og hun jenta på bildet har en veldig fin mage, men tatoveringen forstyrrer det estetiske inntrykket av den fine magen hennes. Den tar oppmerksomhet. Det er helheten som gjør magen hennes fin. Tatoveringen ødela dette

    SvarSlett