tirsdag 11. januar 2011

That's all

No, etter godt over 20 år ilag med meg sjølv, burde eg verkeleg ha lært at Medium ikkje er det rette å sjå på heilt åleine rett før eg skal leggje meg heilt åleine. 

Men neida, her sit eg, og eg gruar meg berre meir og meir til å gå opp på loftet etterpå. Sånn går det når ein ikkje høyrer på fornufta!

Eg hadde tenkt til å illustrere med eit passeleg groteskt bilete, men turde sjølvsagt ikkje å søke for å finne eit.

I staden får eg vise dykk det eg har sett dei siste dagane:


Dette er berre ei halv rekke, og det er ca like langt bak kamera. I tillegg har eg om lag 20 slike rekker å gå gjennom. Kvart plagg skal teljast, og storleiken skal kontrollerast. Det er direkte dritkeisamt, og utan p3 hadde eg sikkert berre slokna inne mellom dressane og ikkje blitt funne att på minst eit år. Så takk for det, Live og Ronny og Steinjo og alle dykk andre som fyller hovudet mitt med noko anna enn tal!

Akkurat i dag har eg forresten vore på jobb på SFO òg, og det er jo greitt å få avveksling i form av ungar som stryk håret mitt mot kinnet sitt og smiler og lurer på kvifor det er raudt. Eg har dessuten lært dei alt eg kan om slangar, firfisler, sjøstjerner, kamskjel og krabber. Mitt vesle bidrag til eit høgare kunnskapsnivå hjå Eid sine fyrsteklassingar... 

Dessutan har eg starta på den sjuande Harry Potter-boka for andre gong, og vore litt småsosial med ein god ven som eg gjerne skulle sett meir av. Det er kanskje på tide å setje opp nokre mål eg kan strekkje meg etter for å ha noko å fokusere på?

2 kommentarer:

  1. Skolefritidsordning for 6/7-åringer høres kjekt ut

    SvarSlett
  2. Joda, det er kjekt, men som regel ganske travelt!

    SvarSlett