Akkurat no innsåg eg faktisk at eg er dritglad for at eg ikkje føler nokon som helst slags trong til å ta ei tatovering som startar rett under trusekanten og går litt oppover over hoftebeinet.
Eg greier heller ikkje å forstå kvifor det er så mange jenter som på eitt eller anna tidspunkt (gjerne når dei er ca 16, og altså ikkje gamle nok til å ta tatovering på eit fornuftig studio, og må velje ein snuskeplass i Bulgaria medan dei er rusa på tequila) synest at det finaste i heile verda må vere å ha eit særs uoriginalt og lite kunstnarisk motiv tatovert på ein intim stad på kroppen.
Ikkje berre skal motivet vere dørgande keisamt, slik som til dømes ei Playboy-kanin, x antal stjerner, ein sommarfugl eller bjørnespor (kva faen skal liksom det symbolisere? "Sjå her, ein knøtliten bjørn planta labben sin rett ved sidan av fitta mi, er det ikkje søøøøøttt?"). I tillegg skal det gjerne vere knøtlite (fordi jenta ikkje har pengar, men MÅÅ ha tatovering NOO), noko som gjer at tilfeldig forbipasserande berre trur det er ein artig føflekk, og at framtidige partnerar får ein bitchslap i trynet fordi dei trudde det kanina var ein katt.
Og sånn generelt sett trur eg det er ein grunn til at det er sekstenåringane som drøymer om slike. Dersom du har lyst på eit motiv som du veit at ingen over 20 år (viss vi ser vekk ifrå diverse glamourmodellar) tatoverar på kroppen sin, så kan du banne på at du og kjem til å synast at det ser idiotisk ut når du har lete ideen surre ei stund.
Du kan like gjerne bruke sprittusj, slik at du blir kvitt driten når du vil det.
Dette gjeld også alle såkalla tramp stamps (altså tatoveringar i korsryggen, helst i form av tribals), puppetatoveringar og ringar rundt overarmen (tenk Pamela). Og herregud, ikkje lag solstrålar rundt navlen din!
(Bilete: Amazing4tattoo.blogspot.com)