torsdag 26. november 2009

Baby, I'm in the mood for you


Kim overfalt meg heilt plutseleg under Rockoffen, og eg visste ikkje korleis eg skulle reagere, der eg låg med beina i vêret med skjørt på meg. Så eg berre lo, eg.
(Bilete: Oda)


Eg er tilbake i Bergen, eg har funne att lommeboka mi, og eg har fått meg jobb! Altså på Instinct på Åsane Storsenter. Folka der er fantastisk greie, og til og med kundane er høflege og kjekke. Positivt!

Samstundes blir eg galen av rotet her heime, og han eg vil ha planlegg noko som gjer at eg blir lei meg. Eg blir ikkje lei meg fordi han planlegg det, for det er ein superfin ting, men fordi han tydelegvis ikkje vil ha meg med. Årh, det er ikkje noko kjekt, og i alle fall ikkje når eg ikkje tør å ta det opp...

Eg må leggje meg tidleg i dag. Og eg må slutte å vere lei meg. Og slutte å ete kamferdrops. Og å klage.

2 kommentarer:

  1. Så kjekt at du har fått deg jobb da!:) Men kva er Instinct for noke? klesbutikk?

    SvarSlett
  2. Jepp, klesbutikk for herre:)
    Sjå på linken;)

    SvarSlett