onsdag 11. november 2009

For alt eg vet sprang eg i ring

Det er heilt utruleg kor vanskeleg det skal vere å hugse å hengje opp kle. Eg trur eg gløymer klesvasken om lag halvparten av gongane. Som oftast kjem eg på det utpå kvelden ein gong, men av og til går det så lang tid at eg berre blir nøydd til å vaske kleda ein gong til.

Eg plar vaske kle så tidleg på dag at eg teoretisk sett skal få høve til å hengje dei opp før det har mørkna om kvelden. Det er ikkje det at eg MÅ kunne hengje dei opp midt på dagen, men det er berre veldig mykje kjekkare å gå ned i kjellaren når det ikkje er bekmørkt.

Jepp, eg kom nett på at eg sette på ei vask i dag tidleg, så no må eg altså ned i kjellaren og hente ut kleda. I kjellaren vår er det kaldt, mørkt, støvete og skummelt. Slik:

Du ser vaskemaskina og tørketrommelen heilt borte i enden der. Der borte er det ikkje noko lys, og i tillegg går det ein heilt mørk gang bortover til venstre. Eg vågar aldri å sjå inn der, men eg trur der er ei trapp. Dessutan ligg der fuglefjør på golvet, og vindauga er knuste. Ikkje kan eg late døra stå opa bak meg, heller, for då slepp katten ut. Grøss!

Menmen, eg klarte då å få med meg klesvasken denne gongen óg.

1 kommentar:

  1. AHA! ja, tenkte faktisk tanken på at det kan ha vært der du kom fra :) kanskje ikke akkurat det beste førsteinntrykket du kan ha fått av meg.

    hvafaen, du kan jo ikke vaske klærne dine der? ikke aleine? du tar med deg noen ned dit, sant? så ufattelig skummel plass. vi har heldigvis vaskemaskina på kjøkkenet, haha.

    SvarSlett