mandag 16. november 2009

You would think by now I'd know where I'm gonna end up



Eg har mista lommeboka mi. Det er jo ei typisk greie for min del, og spesielt sidan eg blei nøydd til å reise heim til Eid i går. Det resulterte i mykje ekstrastress for å få tak i billett til båten, og eg rakk akkurat å kome ombord.

På fredag var eg på forumtreff (ja, eg er kanskje ein smule nerdete no og då), noko som var veldig kjekt, men dessverre førte til ei stygg fyllesjuke på laurdag.

No driv både mamma og eg og siklar på Jimmy Choo-kolleksjonen til H&M, og irriterar oss over at alt er utselt. Men samtidig veit eg at eg ikkje har pengar, og at skoa truleg er for store til meg uansett, så då gjer det ikkje så mykje likevel. (Det betyr ikkje at eg seier nei viss nokon vil spandere på meg!).

I dag har eg vore på jobb på skulen. Dagane går eigentleg ganske raskt når ein er lærarvikar, men eg merkar at eg treng litt meir søvn enn eg har fått i helga. Reknar i alle fall med at veka skal vere over in no time.

2 kommentarer:

  1. Eg og hadde veldig lyst på noke fra kolleksjonen, MEN eg fann ut at det ikkje var verdt stresset.

    Jobba du på eid nå denne veka? :)

    SvarSlett
  2. Mhm-mhm! Bare gi meg ett pip hvis du kjeda deg en dag.

    SvarSlett