lørdag 21. november 2009

Han får vite kor bra dette eigentleg er


Geir og meg frå ein fest i juni. Om å gjere å sjå søtast ut. Eg synest at han vann. (Bilete: Hallvard Skårhaug)

Brått er helga her. Veka har gått i eitt, med undervisning, filmsjåing (Drag Me to Hell gav meg lyst til å gøyme meg under sofaen) og trening. Etter turnen på onsdag gjekk eg med gangsperre i to dagar. Herleg å kjenne at eg har gjort noko vetig!

I går vart eg med Geir og Merete på Q-prisutdeling på Sandane. Geir fekk ta imot publikumsprisen for Vegar (verkeleg fortent!), og eg fekk stavre meg opp på scena, heilt i ørska, for å ta imot ei jakke.

Eg vann nemleg ei boblejakke på inngangsbilletten min. Med det same dei sa at det skulle vere loddtrekning, tenkte eg "Jaja, eg vinn jo ikkje uansett". Og då dei heldt opp den første premien (altså ei mørkeblå, glinsande boblejakke) rakk eg akkurat å tenkje "Usj, den der vil eg ikkje ha" før dei trakk ein lapp og sa at "vinnaren er rosa lodd nummer 35".

Eg raudna (det kjendest i alle fall slik ut), smilte flau og reiste meg opp. Sjølvsagt var det mykje vanskelegare enn eg hadde tenkt å komme seg fram til scena, så pulsen min steig i taket der eg streva med å finne vegen mellom stolar og bord og videokamera. Tanken på at heile greia faktisk vart filma gjer at eg blir litt flau igjen.

No har eg i alle fall fått styrka mi hypotese om at alt som skjer er det motsette av det eg tenkjer skal skje.

Og så har eg gløymd telefonen min hos Geir. Det er jo typisk...

2 kommentarer:

  1. Trøst deg med at det e én mindre person som går rundt i blå, glinsande boblejakke :)

    SvarSlett
  2. Haha, dét e jo ikkje så dumt, nei;p

    SvarSlett