Sola er tilbake, så eg skal sjølvsagt på jobb i dag. Det slår jo ikkje feil. Heldigvis har eg tid til å kome meg ut ei lita stund før eg må fare.
Pengane mine fyk ut vindauget no om dagen. Det er nesten så ein skulle tru dei hadde vingar. Eller bein å gå på (det har dei jo faktisk, på ein måte. Mine bein). På tide å ta kontroll, og slutte å sløse!
Apropos jordbæret i førre innlegg: er det berre eg som synest det er noko rart med dette?
Størrelsen du tenker på, eller det at dei skil mellom høne og kylling?
SvarSlettKyllingar har ikkje fått barn, det har høner, ellers er det same fjærkreet ;)