lørdag 19. desember 2009

Look at the driver next to me

Av og til tek eg meg sjølv i å vurdere andre ut frå korleis dei ser ut. Kva for klede dei går med, korleis dei har sminka seg, korleis dei ser ut på håret og korleis dei oppfører seg eller rører seg.

Det er ikkje så ofte eg ser ned på folk ut frå desse tinga; som regel ser eg berre på dei og lurer på kva som får dei til å kle seg akkurat slik som dei gjer, og om dei verkeleg synest at det som dei sjølve har plukka ut av skåpet om morgonen er pent eller praktisk.

I dag såg eg for eksempel to jenter i slutten av tenåra som gjekk med falske augevipper. Kortid vart det noko å bruke på ein kvardag? Er det verkeleg verdt det å bruke eit kvarter ekstra på badet om morgonen for å få augevippane til å hengje på?

Ho eine som hadde falske augevipper hadde i tillegg platinablondtbleika hår med tydelege extensions. Slitt platinablondtbleika hår som såg tova ut. Huda hennar var på den øvre enden av brunheitsskalaen, altså langt over det du finn frå naturen si side på ei vanleg, norsk, blåaugd jente. Ho laga trutemunn heile bussturen (altså i meir enn tjue minutt), noko som fekk huda rundt leppene til å bli kvit og stå i sterk kontrast til resten av andletet hennar, der to mørkebrune, påteikna augebryn fekk henne til å sjå himmelfallen ut. To tynne, tightskledde bein kom ut under ei diger dunjakke, før dei forsvann igjen ned i eit par lysebrune UGGs-imitasjonar.

Eg kika på henne sånn halvvegs diskret. Trass i alt så stirra jo ho på meg og, så eg var ikkje så flau over å sjå på henne. Eg trur vi begge forstod at vi like gjerne kunne ha kome frå to ulike planetar. På hennar planet ville det då ha vore påbode å bruke minst ein time på badet kvar morgon. Vinterbleik hud ville ingen ha høyrt om, og det hadde ikkje spelt noka rolle om du fraus om vinteren, så lenge du hadde på deg tights for å vise kor tynne bein du hadde.

Slik som ho såg på meg vil eg tru at ho tenkte det stikk motsette om meg, der eg sto i pysjbukse (tatt utanpå dongeribuksa for å unngå å fryse), lue med lyseblå dusk (for ikkje å fryse, det óg), mormor si handveske (som liknar mest på ein bag) frå 70- eller 80-talet, og utan sminke. Eg trur nok at ho tenkte sitt om korleis eg såg ut, og eg lurer litt på om ho hadde endra oppfatninga si dersom ho hadde sett at eg eigentleg hadde på meg skjørt, bluse og høghæla pumps, og at eg tok på maskara med ein gong eg kom på jobb.

Og det får meg til å tenkje på om eg hadde kome til å endre mi oppfatning av henne dersom eg hadde følgd henne rundt ein heil dag.

Vi likar jo å tru at folk er slik som dei er når vi ser dei for fyrste gong, men kor ofte stemmer det eigentleg med røynda?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar